Prosjektet "Reshaping the Map of Local and Regional Self-Government. A study of the Norwegian Local Government Reform processes 2014-2019" er eit samarbeid mellom fleire norske og nordiske samfunnsforskarar – og forskarmiljø.
Utfallet av kommunereforma er enno (ved prosjektstart 1.2.2016) uvisst, men reforma er potensielt den mest gjennomgripande politiske-administrative reforma i Noreg på fleire tiår. Den offentlege interessa for prosessane er stor.
Føremål
Føremålet med prosjektet vårt er å skildre og å analysere kommunereforma slik ho manifesterer seg, frå reforma vart initiert i 2014 og fram til og med 2019, då hovudfasen av kommunesamanslåingar etter planen skal vere gjennomført. Forskargruppa vil med andre ord følgje og gjere datainnsamling frå reformprosessen undervegs.
Kommunereforma kan karakteriserast som éi reform, men mange reformer. Det er ei sentralstyrt reform, forankra i vedtak i storting og regjering, og understøtta gjennom ulike typar verkemiddel – men reforma tek òg form av eit utal differensierte lokale og regionale prosessar, der ulike aktørar drøftar føresetnadene for å flytte grenser mellom kommunar (og mellom fylkeskommunar) og skape større einingar. Forskargruppa tek sikte på å fange reforma slik ho manifesterer seg på dei ulike nivåa, og sjølve dynamikken mellom sentrale og lokale prosessar.
Datainnsamlinga vil skje i form av spørjegranskingar, intervju og dokumentanalyse. Eit utval lokale prosessar skal studerast spesielt. Samanlikning vil vere eit viktig metodisk hjelpemiddel. Det er ulikskapar mellom lokale prosessforløp i ulike delar av landet, og desse skilnadene må forklarast. Prosessane vil elles fortolkast ved å samanlikne med motsvarande erfaringar frå andre europeiske land, historiske erfaringar frå vårt eige land og andre nivåovergripande reformer i norsk offentleg sektor.
Meir informasjon om prosjektet: