Velferdskapitalismen

Korleis har barnehagar og barnevern blitt noko av det mest lukrative ein investor kan satse på? Forskar Karl Henrik Sivesind er tydelig på sine anbefalingar, publisert i ei sak hos Dag og Tid.

FAKSIMILE: Kommersielle velferdstenester ser ut til å bli høgaktuelt i valkampen i haust. Det skriv Dag og Tid om i saka Velferdskapitalismen 4. august 2017. Gjengjeve med tillatelse.

I valkampen i haust kan kommersielle velferdstenester bli ei av dei store stridsspørsmåla.

I avisa Dag og Tid kunne ein lese saka Velferdskapitalismen på trykk 4. august:

«Er det rett at ei rekkje ordinære velferdstenester, finansierte over skattesetelen, skal vere ekstremt god butikk for investorar? Velferdsstaten har blitt ei mjølkeku for store kapitalinteresser, og vinstane frå drifta til selskapa kan hentast ut på meir eller mindre synlege måtar: som utbyte til eigarar, løn til leiarar eller honorar til styremedlemmer, gjennom internfakturering eller lån innanfor konsernet, eller som vinst ved sal av selskapet.»

Her er forskar Karl Henrik Sivesind intervjua, i lys av hans arbeid med prosjektet Rammebetingelser og ringvirkninger av velferdsmiks og hans forsking på velferd og sivilsamfunn ved ISF.

I artikkelen er Sivesind tydeleg på at staten og kommunane bør stille strengare krav til velferdstilbydarane – mellom anna til kompetanse, bemanning og arbeidstilhøve for dei tilsette.

Les eit utdrag frå saka her:

Oligopol

Forskar Karl Henrik Sivesind ved Institutt for samfunnsforskning.
Forskar Karl Henrik Sivesind ved Institutt for samfunnsforskning.

Når dei store aktørane på velferdsfeltet har blitt så dominerande i marknaden, byd det òg på andre problem, meiner Karl Henrik Sivesind, som er forskar ved Institutt for samfunnsforsking og leiar for forskingsprosjektet «Rammebetingelser og ringvirkninger av velferdsmiks».

– Marknaden for velferdstenester er ikkje verkelege marknader med reell konkurranse, og det er éi av forklaringane på den store avkastninga. Det verkar som om politikarane har meint at det er viktigare å få inn private enn det er å få ein marknad til å fungere, meiner Sivesind.

– Dei offentlege monopola er i ferd med å bli erstatta med oligopol. Dei store aktørane har makt til å skvise ut dei små, og kan setje opp prisane i neste runde.

Smetthol

Sivesind trur ikkje kommunane og staten klarer å vere tydelege nok i krava dei stiller til velferdsselskapa.

– Det er nesten umogleg å spesifisere krava godt nok til å sikre kvaliteten på tenestene. Dei som skal tene pengar på dette, vil alltid leite etter smetthol, og det er kostnadskrevjande å kontrollere dei godt nok.

Det er likevel mogleg for staten og kommunane å stille strengare krav til velferdstilbydarane enn i dag, meiner Sivesind.

– Det er sakleg grunnlag for å stille strengare krav til mellom anna kompetanse, løn og arbeidstilhøve for dei tilsette. Til dømes kan du krevje at barnehagane faktisk brukar pensjonstilskota sine på pensjon for dei tilsette.

Sivesind er skeptisk til sjølve premissane for bruken av anbod, konkurranse og kommersielle aktørar på velferdsfeltet: at dette skal bidra til effektivisering og nyskaping.

– Det er gjort store studiar på dette i Storbritannia, Danmark og Sverige, utan å ein finn klare indikasjonar på slike effektiviseringsvinstar.

--

Les meir om relevant forsking her:

Emneord: Velferd, Sivilsamfunn
Publisert 10. aug. 2017 15:24 - Sist endret 26. feb. 2024 15:26